Difference between revisions 2054630 and 2112143 on nnwiki{{islam}}'''Sufisme''' er eit omgrep for [[islam]]sk [[mystikk]]. Sufismen oppstod som ei asketisk rørsle i [[Irak]] på 600- og 700-talet, og byggjer på tanken om rein gudskjærleik og gudsrøynsle. Ordet sufisme kjem truleg av [[arabisk språk|arabisk]] ''suf'', '[[ull]]', som syner til ullkappa dei fyrste islamske asketane bar. Det finst ei rekkje sufi-ordenar, som er ulike både i læra og den rituelle praksisen. Eit sams drag er likevel ''dhikr'', ‘påhugsing’, lovprising av [[Allah]] ved faste rituelle formular, ofte saman med ulike pusteteknikkar og kroppsrørsler. Karakteristisk for sufi-ordenar er òg at ein kan velja kor tilhøyrig ein vil vera, og at dei ikkje har noko krav om [[sølibat]]. Dessutan syner dei alltid til ei ubroten kjede ''silsila'' av åndelege leiarar frå den fyrste tida og fram til i dag. Ein åndeleg leiar (''shaykh'' eller ''pir'') garanterer for denne arvefylgja, og innvier nye medlemmer i ordenen. == Historikk == Dei fremste representantane for den tidlege islamske mystikken er [[Hasan frå Basra]] (død 728) og kvinna [[Rabia al-Adawiyya]] (død 801), som i diktinga si introduserte tanken om rein gudskjærleik. Rørsla fekk stor oppslutnad, og frå 800-talet finst det ei rekkje framifrå litterære uttrykk for den mystiske gudsrøynsla. Sufi-tradisjonen stod til tider i skarp motsetnad til islamforståinga til mange av dei rettslærde. Filosofen [[Al-Ghazali|Abu Hamid Muhammad al-Ghazzali]] (død 1111) freista i verket ''Gjenoppliving av religionsvitskapane'' å byggja bru mellom sufisme og rettsvitskap. Frå og med siste helvta av 1100-talet finn me dei fyrste historisk sikre vitnesbyrda om organisering av sufi-rørsla i ordenar eller brorskap (arab. ''tariqa'' 'veg, metode'). Blant dei fyrste av desse var [[qadiriyya]] (1100-talet i Irak), som i dag har tilhengjarar over store delar av den muslimske verda. Nokre av dei viktigaste sufi-ordenane i dag er [[Shadhiliyya]] (frå 1200-talet), [[Naqshbandiyya]] (frå 1300-talet), [[Bektashiyya]] (frå 1400-talet) og [[Sanusiyya]] (frå 1800-talet). [[Mawlawiya]], som vart skipa av mystikaren og forfattaren [[Jalal al-Din Rumi]] (død 1273), er særleg kjend for rike musikalske og litterære tradisjonar og «dansande dervisjar», som framstiller sjela si oppvakning og sameining med Allah, ved rituell dans. Sufi-ordenane, som òg gav rom til organiserte kvinnefellesskap, kom til å spela ei viktig religiøs, sosial og politisk rolle i den muslimske verda. Misjonsverksemda til ordenane har fått mykje å seia for utbreiinga av islam. Sjølv om 1800- og 1900-talet representerte ein nedgangsperiode for ordenane, er dei fleste framleis verksame og har stor innverknad i den muslimske verda i dag. Nokre er òg aktive i Vest-Europa. == Kjelder == * [http://snl.no/sufisme Artikkelen er omsett frå Store Norske Leksikon om sufisme, skriven av Kari Vogt.] [[Kategori:Islam]] [[Kategori:Sufisme]] <!--interwiki (no, sv, da first; then other languages alphabetically by name)--> [[no:Sufisme]] [[sv:Sufism]] [[da:Sufisme]] [[kbd:Суфиигъэ]] [[af:Soefisme]] [[ar:صوفية]] [[an:Sufismo]] [[ast:Sufismu]] [[az:Təsəvvüf]] [[bn:সুফিবাদ]] [[ba:Суфыйсылыҡ]] [[be:Суфізм]] [[be-x-old:Суфізм]] [[bg:Суфизъм]] [[br:Soufiegezh]]⏎ [[bs:Tesavuf]] [[ca:Sufisme]] [[cs:Súfismus]] [[de:Sufismus]] [[dv:ޞޫފީން]] [[et:Sufism]] [[el:Σούφι]] [[en:Sufism]] [[es:Sufismo]] [[eo:Sufiismo]] [[eu:Sufismo]] [[fa:تصوف]] [[fr:Soufisme]] [[fy:Soefisme]] [[ga:Sufaisteachas]] [[gl:Sufismo]] [[ko:수피즘]] [[hi:सूफ़ीवाद]] [[hr:Sufizam]] [[id:Sufisme]] [[is:Súfismi]] [[it:Sufismo]] [[he:סופיות]] [[jv:Sufisme]] [[ka:სუფიზმი]] [[kk:Сопылық]] [[ky:Суфизм "Сопучулук"]] [[la:Sufismus]] [[lv:Sūfisms]] [[lt:Sufizmas]] [[hu:Szúfizmus]] [[mk:Суфизам]] [[ml:സൂഫി]] [[mr:सूफी पंथ]] [[arz:صوفيه]] [[ms:Kesufian]] [[nl:Soefisme]] [[ja:スーフィズム]] [[oc:Sofisme]] [[pnb:تصوف]] [[ps:تصوف]] [[pl:Sufizm]] [[pt:Sufismo]] [[ro:Sufism]] [[rue:Суфізм]] [[ru:Суфизм]] [[sah:Суфизм]] [[scn:Sufismu]] [[simple:Sufism]] [[sk:Sufizmus]] [[sl:Sufizem]] [[so:Suufi]] [[sr:Тасавуф]] [[sh:Sufizam]] [[fi:Sufilaisuus]] [[ta:சூபியம்]] [[tt:Суфилык]] [[te:సూఫీ తత్వము]] [[tr:Tasavvuf]] [[uk:Суфізм]] [[ur:تصوف]] [[ug:سوپىزم (تەسەۋۋۇپ)]] [[za:Suhfeicujyi]] [[vi:Sufism]] [[wa:Soufisse]] [[war:Sufismo]] [[yi:סופיזם]] [[zh-yue:蘇菲派]] [[bat-smg:Sofėzmos]] [[zh:蘇非主義]] All content in the above text box is licensed under the Creative Commons Attribution-ShareAlike license Version 4 and was originally sourced from https://nn.wikipedia.org/w/index.php?diff=prev&oldid=2112143.
![]() ![]() This site is not affiliated with or endorsed in any way by the Wikimedia Foundation or any of its affiliates. In fact, we fucking despise them.
|