Difference between revisions 2355226 and 2546442 on nnwiki

[[Fil:Triangular_trade.png|mini|Områda råka av trekantfarten. Pilene mellom dei teiknar ein slags trekant.]]

'''Trekanthandel''' eller '''triangelfart''' viser hovudsakleg til sjøfartshandelen som fann stad mellom Europa, Afrika og Amerika under [[kolonitida]], frå 1400-talet til 1800-talet. Ein frakta tilverka varer frå Europa til Afrika, der ein kjøpte menneske til [[slaveri]]. Desse blei transportert til Amerika og selde, før skipet tok med [[kolonialvare]]r som ofte var tilverka av slavar tilbake til Europa. Denne forma for handel nytta [[tilgang og etterspurnad]] dei tre ulike stadene til å frakta nyttig last til neste stad. Samstundes gjorde skipa nytte av [[vind]] og [[havstraum|straumar]] i [[Atlanterhavet]] til effektiv segling. 

[[fFil:The inspection and sale of a slave.jpg|mini|«The inspection and sale of a Negro». Illustrasjon til ''Captain Canot; or, Twenty Years of an African Slaver'', utgjeven i 1854.]]
==  Deltakarar  ==
Dei fleste vesteuropeiske sjøfartsnasjonar dreiv med trekanthandel. [[Storbritannia]] var ein viktig deltakar med fleire [[koloni]]ar i [[Vest-Afrika]], [[Karibia]] og [[Nord-Amerika]], og hamnebyen [[Liverpool]] stod bak ein stor del av trafikken. 

(contracted; show full)

[[Fil:Triangular trade.jpg|mini|Trekanthandel mellom Afrika, Karibia og New England.]]
 
[[Brasil]] og [[Karibia]] var dei største mottakarområda for slavar. I Karibia var først [[Jamaica]], deretter [[Santo Domingo]] og til sist [[Cuba]] dei viktigaste hamnene i trekanthandelen. Dei nordamerikanske koloniane tok imot ein mindre del slavar direkte frå Afrika. I nokre høve overtok [[New England]] rolla til Europa som ein av delane i trekanten.

==
  Varer  ==
Handelsskipa tok med seg varer som [[klede]], [[glasperle]]r, [[kopar]], [[skytevåpen]] og [[ammunisjon]] frå Europa. Desse blei så selde eller bytta mot [[gull]], [[elfenbein]] og fangar frå afrikanske herskarar og handelsmenn. Fangane blei rekna som varer, og ein stappa så mange ein kunne på skipa for å få mest mogleg [[profitt]]. Under overfarten til Amerika, som blei kalla mellompassasjen, døydde i gjennomsnitt rundt 12,5 % (eller mellom 10 og 20 %) av fangane.<ref>Meltzer, Milton: ''Slavery: A World History'' (Da Capo Press, 1993) oppgjev 12,5 %, i følgje [[:en:Atlantic slave trade|Atlantic slave trade]] ved Engelsk Wikipedia.</ref> Dei blei så selde som [[slavar]] i Karibia eller andre delar av Amerika, der dei hovudsakleg blei sette til tungt plantasjearbeid. Slaveskipa blei reingjorte og fylte med kolonivarer som [[bomull]], [[sukker]], [[rom]], [[melasse]], og [[tobakk]] til å selja i Europa. Dei kunne også frakta trevarer som [[mahogni]].

==  Naturkrefter  ==
Trekantfarten var naturleg gunstig for [[seglskip]] ettersom ein segla med vinden og havstraumane heile vegen. [[Passatvind]]en førte skipa mot Afrika, [[ekvatorialstraumen]] vestover mot Amerika og vestavinden og [[Golfstraumen]] tilbake til Europa. 

Det var likevel ikkje alle skip i dette handelssystemet som siglde i trekantfart. Mange spesialiserte seg på enkelte ruter, som [[slaveskip]] som berre dreiv med [[transatlantisk slavehandel]], eller [[handelsskip]] som berre frakta varer mellom Europa og Amerika.

==  Bakgrunnsstoff  ==
{{commonscat|Triangular trade}}
* [http://www.slavevoyages.org The Transatlantic Slave Trade Database], en portal til data om trekantfartens og den transatlantiske slavefartens historie (engelsk)].
* [http://www.brown.edu/Research/Slavery_Justice/documents/SlaveryAndJustice.pdf Report of the Brown University Steering Committee on Slavery and Justice]
* [http://www.aftenposten.no/fakta/innsikt/article2131484.ece «Da slavehandelen kom til Norge»], aftenposten.no

'''Litteratur'''
*  [[Leif Svalesen]]: ''Slaveskipet Fredensborg og den dansk-norske slavehandel på 1700-tallet. Forord av [[Johan Kloster]].''   240s. J.W.Cappelens forlag 1996. ISBN: 8202154812 / 82-02-15481-2
*  Johan Kloster: ''Tekster til utstillingen «Med slaver, elfenben og gull», som vises på [[Aust-Agder kulturhistoriske senter]]''. 
*  Eliassen m.fl.: ''Tidslinjer 1'', Aschehoug, 2007, s. 243. 

==  Kjelder  ==
{{refstart}}
*  [http://www.snl.no/Togo/historie Togo - historie] i Store Norske Leksikon
*  [http://www.slavevoyages.org/tast/index.faces Voyages] (slavevoyages.org)
{{refslutt}}
<div class="references-small">
*  ''Denne artikkelen bygger på «[[:nb:Trekanthandel|Trekanthandel]]» frå {{Wikipedia-utgåve|nb}}, og «[[:en:Triangular trade|Triangular trade]]» frå {{Wikipedia-utgåve|en}} den 12. januar 2012.''   
 </div>

{{historiespire}}

[[Kategori:Internasjonal handel]]
[[Kategori:Handelsruter]]
[[Kategori:Skipsleder]]
[[Kategori:Afrika]]
[[Kategori:Amerika]]
[[Kategori:Slavehandel]]

{{historiespire}}

[[Kategori:Kolonialisme]]
[[Kategori:Handel]]
[[Kategori:Slaveri]]

<!--interwiki (no, sv, da first; then other languages alphabetically by name)-->