Difference between revisions 2963506 and 2963507 on nnwiki

[[Fil:Triangular_trade.png|mini|Områda råka av trekantfarten. Pilene mellom dei teiknar ein slags trekant.]]

'''Trekanthandel''' eller '''triangelfart''' viser hovudsakleg til sjøfartshandelen som fann stad mellom Europa, Afrika og Amerika under [[kolonitida]], frå 1400-talet til 1800-talet. Ein frakta tilverka varer frå Europa til Afrika, der ein kjøpte menneske til [[slaveri]]. Desse blei transportert til Amerika og selde, før skipet tok med [[kolonialvare]]r som ofte var tilverka av slavar tilbake til Europa. Denne forma for handel nytta [[tilgang og etterspurnad]] dei tre ulike stadene til å frakta nyttig last til neste stad. Samstundes gjorde skipa nytte av [[vind]] og [[havstraum|straumar]] i [[Atlanterhavet]] til effektiv segling.. 

[[Fil:The inspection and sale of a slave.jpg|mini|«The inspection and sale of a Negro». Illustrasjon til ''Captain Canot; or, Twenty Years of an African Slaver'', utgjeven i 1854.]]
  {{historiespire}}

[[Kategori:Internasjonal handel]]
[[Kategori:Handelsruter]]
[[Kategori:Skipsleder]]
[[Kategori:Afrika]]
[[Kategori:Amerika]]
[[Kategori:Slavehandel]]
[[Kategori:Kolonialisme]]
[[Kategori:Handel]]
[[Kategori:Slaveri]]