Difference between revisions 3039234 and 3039236 on nnwiki[[Fil:Triangular_trade.png|mini|Områda råka av trekantfarten. Pilene mellom dei teiknar ein slags trekant.]]⏎ ⏎ '''Trekanthandel''' eller '''trekanthandelen''' viser hovudsakleg til sjøfartshandelen som fann stad mellom Europa, Afrika og Amerika under [[kolonitida]], frå 1400-talet til 1800-talet. Ein frakta tilverka varer frå Europa til Afrika, der ein kjøpte menneske til [[slaveri]]. Desse blei transportert til Amerika og selde, før skipet tok med [[kolonialvare]]r som ofte var tilverka av slavar tilbake til Europa. Denne forma for handel nytta [[tilgang og etterspurnad]] dei tre ulike stadene til å frakta nyttig last til neste stad. Samstundes gjorde skipa nytte av [[vind]] og [[havstraum|straumar]] i [[Atlanterhavet]] til effektiv segling. ⏎ ⏎ ⏎ ⏎ '''[[Fil:The inspection and sale of a slave.jpg|mini|«The inspection and sale of a Negro». Illustrasjon til ''Captain Canot; or, Twenty Years of an African Slaver'', utgjeven i 1854.]] == '''Deltakarar''' == '''Dei fleste vesteuropeiske sjøfartsnasjonar dreiv med trekanthandel. [[Storbritannia]] var ein viktig deltakar med fleire [[koloni]]ar i [[Vest-Afrika]], [[Karibia]] og [[Nord-Amerika]], og hamnebyen [[Liverpool]] stod bak ein stor del av trafikken.''' [[Danmark-Noreg]] |'''Danmark-Noreg''']] '''deltok også i denne farten, med [[Vestindisk-guineisk Kompagni]] i [[København]], handelsfort på [[Gullkysten]] og koloniar med sukkerplantasjer i Karibia, [[Saint Croix]], [[Saint Thomas]] og [[Saint John]]. I ettertida er særleg det danske slaveskipet [[SS «Fredensborg»|«Fredensborg»]], som forliste ved [[Tromøy]] utanfor [[Arendal]] i 1768, blitt kjend.''' [[Gullkysten]] |'''Gullkysten''']] '''(no hovudsakleg [[Ghana]]) i Vest-Afrika var sentrum for trekanthandelen i Vest-Afrika, men rike langs store delar av kysten deltok. Eit område lenger aust, i noverande [[Togo]], [[Benin]] og vestre [[Nigeria]], blei kjend som [[Slavekysten]] på grunn av den store menneskehandelen som fann stad her. [[Dahomey]]riket i dette område og rike som [[Oyoriket|Oyo]] og [[Ashantiriket|Ashanti]] voks seg store gjennom slavehandel. Ei rekkje afrikanske herskarar kunne selja folk frå andre folkegrupper som var blitt tekne gjennom krig eller kidnappingsraid, eller kriminelle.''' [[Fil:Triangular trade.jpg|mini|Trekanthandel mellom Afrika, Karibia og New England.]] [[Brasil]] |'''Brasil''']] '''og [[Karibia]] var dei største mottakarområda for slavar. I Karibia var først [[Jamaica]], deretter [[Santo Domingo]] og til sist [[Cuba]] dei viktigaste hamnene i trekanthandelen. Dei nordamerikanske koloniane tok imot ein mindre del slavar direkte frå Afrika. I nokre høve overtok [[New England]] rolla til Europa som ein av delane i trekanten.''' == '''Varer''' == '''Handelsskipa tok med seg varer som [[klede]], [[glasperle]]r, [[kopar]], [[skytevåpen]] og [[ammunisjon]] frå Europa. Desse blei så selde eller bytta mot [[gull]], [[elfenbein]] og fangar frå afrikanske herskarar og handelsmenn. Fangane blei rekna som varer, og ein stappa så mange ein kunne på skipa for å få mest mogleg [[profitt]]. Under overfarten til Amerika, som blei kalla mellompassasjen, døydde i gjennomsnitt rundt 12,5 % (eller mellom 10 og 20 %) av fangane.<ref>Meltzer, Milton: ''Slavery: A World History'' (Da Capo Press, 1993) oppgjev 12,5 %, i følgje [[:en:Atlantic slave trade|Atlantic slave trade]] ved Engelsk Wikipedia.</ref> Dei blei så selde som [[slavar]] i Karibia eller andre delar av Amerika, der dei hovudsakleg blei sette til tungt plantasjearbeid. Slaveskipa blei reingjorte og fylte med kolonivarer som [[bomull]], [[sukker]], [[rom]], [[melasse]], og [[tobakk]] til å selja i Europa. Dei kunne også frakta trevarer som [[mahogni]].''' == '''Naturkrefter''' == '''Trekantfarten var naturleg gunstig for [[seglskip]] ettersom ein segla med vinden og havstraumane heile vegen. [[Passatvind]]en førte skipa mot Afrika, [[ekvatorialstraumen]] vestover mot Amerika og vestavinden og [[Golfstraumen]] tilbake til Europa. ⏎ ⏎ ⏎ ⏎ ''' '''Det var likevel ikkje alle skip i dette handelssystemet som siglde i trekantfart. Mange spesialiserte seg på enkelte ruter, som [[slaveskip]] som berre dreiv med [[transatlantisk slavehandel]], eller [[handelsskip]] som berre frakta varer mellom Europa og Amerika.''' == '''Bakgrunnsstoff''' == * [http://www.slavevoyages.org '''The Transatlantic Slave Trade Database]''']''', en portal til data om trekantfartens og den transatlantiske slavefartens historie (engelsk)].''' * [http://www.brown.edu/Research/Slavery_Justice/documents/SlaveryAndJustice.pdf '''Report of the Brown University Steering Committee on Slavery and Justice'''] * [http://www.aftenposten.no/fakta/innsikt/article2131484.ece '''«Da slavehandelen kom til Norge»]''']''', aftenposten.no''' '''Litteratur''' ⏎ ⏎ * [[Leif Svalesen]]|'''Leif Svalesen''']]''': ''Slaveskipet Fredensborg og den dansk-norske slavehandel på 1700-tallet. Forord av [[Johan Kloster]].'' 240s. J.W.Cappelens forlag 1996. ISBN: 8202154812 / 82-02-15481-2⏎ * ''' * '''Johan Kloster: ''Tekster til utstillingen «Med slaver, elfenben og gull», som vises på [[Aust-Agder kulturhistoriske senter]]''.''' * '''Eliassen m.fl.: ''Tidslinjer 1'', Aschehoug, 2007, s. 243.''' == '''Kjelder''' == {{refstart}} * [http://www.snl.no/Togo/historie Togo - historie] i Store Norske Leksikon * [http://www.slavevoyages.org/tast/index.faces Voyages] (slavevoyages.org) {{refslutt}} <div class="references-small"> * ''Denne artikkelen bygger på «[[:nb:Trekanthandel|Trekanthandel]]» frå {{Wikipedia-utgåve|nb}}, og «[[:en:Triangular trade|Triangular trade]]» frå {{Wikipedia-utgåve|en}} den 12. januar 2012.'' </div> {{historiespire}} [[Kategori:Internasjonal handel]] [[Kategori:Handelsruter]] [[Kategori:Skipsleder]] [[Kategori:Afrika]] [[Kategori:Amerika]] [[Kategori:Slavehandel]] [[Kategori:Kolonialisme]] [[Kategori:Handel]] [[Kategori:Slaveri]] All content in the above text box is licensed under the Creative Commons Attribution-ShareAlike license Version 4 and was originally sourced from https://nn.wikipedia.org/w/index.php?diff=prev&oldid=3039236.
![]() ![]() This site is not affiliated with or endorsed in any way by the Wikimedia Foundation or any of its affiliates. In fact, we fucking despise them.
|