Revision 2041048 of "Sufisme" on nnwiki

{{islam}}'''Sufisme''' er eit omgrep for [[islam]]sk [[mystikk]]. Sufismen oppstod som ei asketisk rørsle i [[Irak]] på 600- og 700-talet, og byggjer på tanken om rein gudskjærleik og gudsrøynsle. Ordet sufisme kjem truleg av [[arabisk språk|arabisk]] ''suf'', '[[ull]]', som syner til ullkappa dei fyrste islamske asketane bar.

Det finst ei rekkje sufi-ordenar, som er ulike både i læra og den rituelle praksisen. Eit sams drag er likevel ''dhikr'', ‘påhugsing’, lovprising av [[Allah]] ved faste rituelle formular, ofte saman med ulike pusteteknikkar og kroppsrørsler. Karakteristisk for sufi-ordenar er òg at ein kan velja kor tilhøyrig ein vil vera, og at dei ikkje har noko krav om [[sølibat]]. Dessutan syner dei alltid til ei ubroten kjede ''silsila'' av åndelege leiarar frå den fyrste tida og fram til i dag. Ein åndeleg leiar (''shaykh'' eller ''pir'') garanterer for denne arvefylgja, og innvier nye medlemmer i ordenen.

== Historikk ==

Dei fremste representantane for den tidlege islamske mystikken er [[Hasan frå Basra]] (død 728) og kvinna [[Rabia al-Adawiyya]] (død 801), som i diktinga si introduserte tanken om rein gudskjærleik. Rørsla fekk stor oppslutnad, og frå 800-talet finst det ei rekkje framifrå litterære uttrykk for den mystiske gudsrøynsla. Sufi-tradisjonen stod til tider i skarp motsetnad til islamforståinga til mange av dei rettslærde. Filosofen [[Al-Ghazali|Abu Hamid Muhammad al-Ghazzali]] (død 1111) freista i verket ''Gjenoppliving av religionsvitskapane'' å byggja bru mellom sufisme og rettsvitskap.

Frå og med siste helvta av 1100-talet finn me dei fyrste historisk sikre vitnesbyrda om organisering av sufi-rørsla i ordenar eller brorskap (arab. ''tariqa'' 'veg, metode'). Blant dei fyrste av desse var [[qadiriyya]] (1100-talet i Irak), som i dag har tilhengjarar over store delar av den muslimske verda. Nokre av dei viktigaste sufi-ordenane i dag er [[Shadhiliyya]] (frå 1200-talet), [[Naqshbandiyya]] (frå 1300-talet), [[Bektashiyya]] (frå 1400-talet) og [[Sanusiyya]] (frå 1800-talet). [[Mawlawiya]], som vart skipa av mystikaren og forfattaren [[Jalal al-Din Rumi]] (død 1273), er særleg kjend for rike musikalske og litterære tradisjonar og «dansande dervisjar», som framstiller sjela si oppvakning og sameining med Allah, ved rituell dans.

Sufi-ordenane, som òg gav rom til organiserte kvinnefellesskap, kom til å spela ei viktig religiøs, sosial og politisk rolle i den muslimske verda. Misjonsverksemda til ordenane har fått mykje å seia for utbreiinga av islam. Sjølv om 1800- og 1900-talet representerte ein nedgangsperiode for ordenane, er dei fleste framleis verksame og har stor innverknad i den muslimske verda i dag. Nokre er òg aktive i Vest-Europa.

== Kjelder ==

* [http://snl.no/sufisme Artikkelen er omsett frå Store Norske Leksikon om sufisme, skriven av Kari Vogt.]

[[Kategori:Islam]]
[[Kategori:Sufisme]]

<!--interwiki (no, sv, da first; then other languages alphabetically by name)-->

[[no:Sufisme]]
[[sv:Sufism]]
[[da:Sufisme]]
[[kbd:Суфиигъэ]]
[[af:Soefisme]]
[[ar:صوفية]]
[[an:Sufismo]]
[[ast:Sufismu]]
[[az:Təsəvvüf]]
[[bn:সুফিবাদ]]
[[ba:Суфыйсылыҡ]]
[[be:Суфізм]]
[[be-x-old:Суфізм]]
[[bg:Суфизъм]]
[[bs:Tesavuf]]
[[ca:Sufisme]]
[[cs:Súfismus]]
[[de:Sufismus]]
[[dv:ޞޫފީން]]
[[et:Sufism]]
[[el:Σούφι]]
[[en:Sufism]]
[[es:Sufismo]]
[[eo:Sufiismo]]
[[eu:Sufismo]]
[[fa:تصوف]]
[[fr:Soufisme]]
[[fy:Soefisme]]
[[ga:Sufaisteachas]]
[[gl:Sufismo]]
[[ko:수피즘]]
[[hi:सूफ़ीवाद]]
[[hr:Sufizam]]
[[id:Sufisme]]
[[is:Súfismi]]
[[it:Sufismo]]
[[he:סופיות]]
[[jv:Sufisme]]
[[ka:სუფიზმი]]
[[kk:Сопылық]]
[[la:Sufismus]]
[[lv:Sūfisms]]
[[lt:Sufizmas]]
[[hu:Szúfizmus]]
[[mk:Суфизам]]
[[ml:സൂഫി]]
[[mr:सूफी पंथ]]
[[arz:صوفيه]]
[[ms:Kesufian]]
[[nl:Soefisme]]
[[ja:スーフィズム]]
[[oc:Sofisme]]
[[pnb:تصوف]]
[[ps:تصوف]]
[[pl:Sufizm]]
[[pt:Sufismo]]
[[ro:Sufism]]
[[rue:Суфізм]]
[[ru:Суфизм]]
[[sah:Суфизм]]
[[scn:Sufismu]]
[[simple:Sufism]]
[[sk:Sufizmus]]
[[sl:Sufizem]]
[[so:Suufi]]
[[sr:Тасавуф]]
[[sh:Sufizam]]
[[fi:Sufilaisuus]]
[[ta:சூபியம்]]
[[tt:Суфилык]]
[[te:సూఫీ తత్వము]]
[[tr:Tasavvuf]]
[[uk:Суфізм]]
[[ur:تصوف]]
[[ug:سوپىزم (تەسەۋۋۇپ)]]
[[za:Suhfeicujyi]]
[[vi:Sufism]]
[[wa:Soufisse]]
[[war:Sufismo]]
[[yi:סופיזם]]
[[zh-yue:蘇菲派]]
[[bat-smg:Sofėzmos]]
[[zh:蘇非主義]]