Revision 2115423 of "MS «Vikingfjord»" on nnwiki'''MS «Vikingfjord»''' er ein flytande farkost som er bygd som ein [[flåte]]. Han er bygd for hand og eigd av 12 ungdomar frå [[Os kommune]] utanfor [[Bergen]]. Farkosten har 3 store [[pongtong]]ar (plastrøyr) som er sjølve oppdriftselementa. Vidare har han ein kraftig stålkonstruksjon som kviler oppå desse røyra. Det er bygd eit overbygg av trevirke oppå denne stålkonstruksjonen. MS «Vikingfjord» har alle fasalitetar som blant anna toalett med vask, stor stove med bar og tappetårn i tillegg til eit teknisk rom. Overbygget virkar igjen som ein flybridge der det er store moglegheiter. Vikingfjord har ein kapasitet på ca. 70 personar og har eit areal på nærmare 100 kvadratmeter dersom ein tek med arealet på flybridgen. Framdrifta til MS «Vikingfjord» er ein 70 hestekrefters påhengsmotor med rattstyring. MS «Vikingfjord» gjer 8 knop og er særs stabil og sjødyktig. Historia til MS «Vikingfjord» er lang, og det er flåte nummer 4 i rekkja til ein velkjent flåtebyggjar frå Os. Teorien går ut på å prøva og feila for så å forbetra designet ved neste utgåve. MS «Vikingfjord» har vore i lokale media fleire gonger. == Bakgrunnsstoff == * [http://www.midtsiden.no/festlege-33-fot Midtsiden, 18.06.10: Festlege 33 fot] * [http://lokalen.wordpress.com/2011/06/23/er-du-klar-for-festival/ NyttiOs.com, 23.06.11: Er du klar for festival?] * [http://www.midtsiden.no/tilbake-der-det-starta Midtsiden, 24.06.11: Tilbake der det starta] * [http://www.midtsiden.no/nye-tokt-med-vikingfjord Midtsiden, 31.07.11: Nye tokt med Vikingfjord] [[Kategori:Os kommune i Hordaland]] [[Kategori:Båtar frå Hordaland]] All content in the above text box is licensed under the Creative Commons Attribution-ShareAlike license Version 4 and was originally sourced from https://nn.wikipedia.org/w/index.php?oldid=2115423.
![]() ![]() This site is not affiliated with or endorsed in any way by the Wikimedia Foundation or any of its affiliates. In fact, we fucking despise them.
|