Revision 2325156 of "Bergen kommune" on nnwiki{{Infoboks_kommune|kommunenummer=1201
|våpen=Bergen_komm|kart=Bergen
|ifylke=Hordaland
|senter=[[Bergen]]
|flatevidd=465
|målform=Nøytral|url=www.bergen.kommune.no
|ordførarnamn=[[Trude Drevland]]|ordførarparti=H|ordførarår=2011-
|comcat=Bergen
}}
[[Fil:Bergen vom Fløen.jpg|mini|venstre|Bergen sett frå Fløien.]]
'''Bergen kommune''' er ein kommune i [[Hordaland fylke]]. Administrasjonssenteret i kommunen er [[Bergen]].
Kommunen har noverande grenser frå 1973, då Bergen kommune vart slegen i hop med kommunane [[Arna]], [[Fana]], [[Laksevåg]] og [[Åsane]], og samstundes ført inn i Hordaland fylkeskommune. Før kommunesamanslåinga var Bergen rekna som eit eige [[fylke]]. Bergen kommune i dag ligg på Bergenshalvøya saman med [[Os kommune i Hordaland|Os kommune]]. Bergenshalvøya er knytt til resten av fastlandet via kommunane [[Vaksdal kommune|Vaksdal]] og [[Samnanger kommune|Samnanger]]. Via fjordar har Bergen også grenser til fleire andre kommunar i Hordaland fylke: [[Austevoll kommune|Austevoll]], [[Sund kommune|Sund]], [[Fjell kommune|Fjell]], [[Askøy kommune|Askøy]], [[Meland kommune|Meland]] og [[Osterøy kommune|Osterøy]].
Kommunen er med {{nts|{{komint|1201}}}} innbyggjarar den nest mest folkerike i Noreg. Namnet Bergen kjem av norrønt Bergvin, og Bjǫrgvin, av berg eller bjǫrg, 'berg', og vin, 'eng'.<br clear = "left">
__NOTOC__
==Byvåpen==
Byvåpenet vart godkjent 1924 og har ei sølv borg på gull fjellgrunn mot raud bakgrunn. Våpenet har røter attende til 1200-talet. Det var opphavleg eit dobbeltsegl; framsida viste eit langskip med drakehovud på stamnane, medan baksida viste ei borg med mur rundt på eit tredelt fjell. Det er motivet på baksida som er ført vidare i den moderne utgåva. På 1400-taet fekk byen eit nytt segl, basert på baksida av det eldste seglet, men med nokre forandringar. Fjellet under borga vart mellom anna danna om til sju kuler for sju fjell. Først i nyare tid vart den gamle borgtypen ført inn att, men den sjuldelte fjellgrunnen vart teken med vidare. Dei noverande fargane vart stadfesta i 1924. Byflagget vart godkjent 1924 og har byseglet på ein kvit flaggduk. Flagget har ein raud kant rundt dei tre frie sidene på flagget.
<gallery>
Fil:Bergen1.jpg|Framsida på det gamle seglet.
Fil:Bergen2 seal.jpg|Baksida på det gamle seglet, med motivet som vart ført vidare.
</gallery>
==Kjelder==
{{snl|Bergen|Bergen}}
===Fotnotar===
{{fotnoteliste}}
==Bakgrunnsstoff==
*[http://www.bergen.kommune.no Bergen kommune sine nettsider]
*[http://www.fib.no Festspillene i Bergen]
{{Hordaland fylke}}
[[Kategori:Bergen kommune]]
[[Kategori:Kommunar i Hordaland]]
[[sv:Bergens kommun]]All content in the above text box is licensed under the Creative Commons Attribution-ShareAlike license Version 4 and was originally sourced from https://nn.wikipedia.org/w/index.php?oldid=2325156.
![]() ![]() This site is not affiliated with or endorsed in any way by the Wikimedia Foundation or any of its affiliates. In fact, we fucking despise them.
|