Revision 2329188 of "Bambi" on nnwiki

[[Fil:Capreolus.capreolus.young.jpg|mini|Rådyrkalv. {{foto|James Lindsey}}]]
[[Fil:OdocoileusVirginianus2007-07-28fawn.JPG|mini|Ung amerikansk kvithalehjort.]]
'''Bambi''' er namnet på eit oppdikta [[hjortedyr]] skildra i bøker og fleire filmar, best kjend frå teiknefilmane til [[The Walt Disney Company|Disney]]. 

== Utgjevingar ==
Soga om Bambi blei først fortald i ''Bambi, ein Leben im Walde'' som kom ut i 1923. Forfattaren, [[Felix Salten]], var fødd Siegmund Salzmann i [[Budapest]] men hadde vakse opp i [[Wien]]. Boka skildra oppveksten og utfordringane til [[rådyr]]kalven Bambi. Boka blei omsett til engelsk i 1928.<ref>[http://www.betweenthecovers.com/btc/reference_library/title/1033033 betweenthecovers.com]</ref> Ho er også omsett til norsk fleire gonger, av [[André Bjerke]] i 1949 og [[Halldis Moren Vesaas]] i 1966.<ref>[http://ask.bibsys.no/ask/action/result?lang=nb&q=bambi&Finn2=Search&kilde=biblio&kilde=emneportal&kilde=forskpub&kilde=forskpro Søk i Bibsys]</ref> 

I 1942 produserte [[The Walt Disney Company]] ein [[animasjon]]sfilm kalla [[Filmen Bambi|''Bambi'']] regissert av [[David Dodd Hand]] som var tufta på den boka til Salten. Handlinga var flytta frå Europa til Amerika, Bambi var blitt ein [[kvithalehjort]] og filmen var gjort meir koseleg og mindre brutal enn boka. Filmskaparane la vekt på å gjera dyra naturtru, og teiknarane høyrde foredrag, vitja dyrehagen i Los Angeles og hadde levande hjortekalvar henta inn frå [[Baxter State Park]] i studio. 

Det blei også laga sovjetiske filmar om Bambi. ''Detstvo Bambi'' ('barndommen til Bambi') og ''Junost Bambi'' ('ungdommen til Bambi') var filma med levande dyr og skodespelarar og gjeve ut i 1985 og 1986. Over 60 ulike dyreartar var med i desse to filmane.

== Verknad ==
Den storaugde, klossete framtoningen til Bambi som kalv sjarmerte tilskodarar frå filmen kom ut, og er blitt eit omgrep for søte, [[uskuld]]ige dyreungar.<ref>«Bambi», ''A Dictionary of Phrase and Fable''. Edited by Elizabeth Knowles. Oxford University Press, 2006. Oxford Reference Online.</ref> Filmen, som viser at mor til Bambi blir skoten under [[jakt]], førte til sorgtunge reaksjonar frå barn som såg filmen, og til ein del motstand mot jakt i det verkelege livet. Mellom anna har rockestjerna og [[Paul McCartney]] nemnd filmen som ein kjelde til sitt [[dyrevern]].<ref>Paul Schons: [http://courseweb.stthomas.edu/paschons/language_http/essays/salten.html «Bambi, the Austrian Deer»]. Germanic-American Institute, BBC: [http://news.bbc.co.uk/2/hi/entertainment/4520658.stm Former Beatle 'inspired by Bambi'], 12 December 2005</ref>

== Oppfølgjarar ==
Salten skreiv ein oppfølgjar om barna til Bambi som kom ut omsett som ''Bambi's Children, The Story of a Forest Family'' i 1939 og på tysk som ''Bambis Kinder, eine Familie im Walde'' først året etter.

Ein oppfølgjar til Disney-filmen, ''[[Bambi 2]]'', kom ut i 2006.

== Kjelder ==
<div class="references-small">
* ''Delar av denne artikkelen bygger på «[[:en:Bambi|Bambi]]» frå {{Wikipedia-utgåve|en}}, og «[[:en:Bambi, A Life in the Woods|Bambi, A Life in the Woods]]» frå {{Wikipedia-utgåve|en}} den 10. januar 2009.''  
 </div>

=== Fotnotar ===
{{fotnoteliste}}

[[Kategori:Oppdikta dyr]]

<!--interwiki (no, sv, da first; then other languages alphabetically by name)-->

[[nb:Bambi (figur)]]
[[en:Bambi (character)]]
[[fr:Bambi (Disney)]]
[[nl:Bambi (personage)]]
[[ro:Bambi (personaj)]]
[[simple:Bambi (character)]]