Revision 2361603 of "Vestnorske målføre" on nnwiki

{{flett|Vestnorsk}}
'''Vestnorske målføre''' er grovt sett målføra på [[Vestlandet]] og i [[Nord-Noreg]].

[[Austnorske målføre|Austnorsk]] er dei målføra der den såkalla jamvektslova har verka, det er i [[austlandske målføre|austlandsk]] og [[trøndske målføre|trøndsk]]. Dei har [[kløyvd infinitiv]]. Det har ikkje vestnorsk, verken [[vestlandske målføre|vestlandsk]] eller [[nordnorske målføre|nordnorsk]]. Vestlandske målføre har anten ''-a'' eller ''-e'' som infinitivsending. Nordnorsk har mykje apokope, det vil seie ingen endingar i infinitiv. Nokre målføre på Helgeland har klare austnorske trekk som kløyvd infinitiv (ranværing) og tjukk ''l''. 

Dei ''vestlandske'' målføra har ein del variasjon når det gjeld den bundne artikkelen i hokjønn. På Sør-Vestlandet finn ein ''-o/å'', (t.d. ''bygdå'' og ''huså''), lenger nord finn ein ''-i'' (Indre Sogn), og enno lengre nord finn ein ''-a''. [[Bergen]] bymål skil seg ut ved at det ikkje skil mellom hankjønn og hokjønn, men har som einaste norske dialekt berre felleskjønn attåt inkjekjønn. 

Over det meste av det vestlandske språk-området dominerer forma ''e(g)'' som personleg pronomen (første person eintal). Men [[sunnmørsdialekt|sunnmørsk]] har ''ei'' og [[romsdalsdialekt|romsdalsk]] har ''i'' for ''eg''. 

Langs kysten frå [[Sørlandet]] til [[Stavanger]] finn ein konsonantane ''b'', ''d'' og ''g'' for ''p'', ''t'' og ''k'' mellom vokalar eller i slutten av ord, (t.d. ''bog'' og ''håb'' for ''bok'' og ''håp''). Dei siste hundre åra har såkalla [[skarre-r]] spreidd seg frå Bergen, Stavanger og Ullensvang til store delar av Sør-Vestlandet. Lenger nord har dei [[rulle-r]] heilt til ein kjem til grensemålet romsdalsk, som har [[eittslags-r]] som i austnorsk.

[[kategori:Vestlandet]]
[[kategori:Norske målføre]]
[[kategori:Nord-Noreg]]

<!--interwiki (no, sv, da first; then other languages alphabetically by name)-->