Revision 2583197 of "Bergen kommune" on nnwiki{{Infoboks_kommune|kommunenummer=1201
|våpen=Bergen_komm|kart=Bergen
|ifylke=Hordaland
|senter=[[Bergen]]
|flatevidd=465
|målform=Nøytral|url=www.bergen.kommune.no
|ordførarnamn=[[Trude Drevland]]|ordførarparti=H|ordførarår=2011-
|comcat=Bergen
}}
'''Bergen kommune''' er ein kommune i [[Hordaland fylke]]. Administrasjonssenteret i kommunen er byen [[Bergen]], som er sete for fylkesmannen og fylkesadministrasjonen i Hordaland fylkeskommune.
Kommunen fekk ikkje sine noverande grenser i 1972, då kommunane Bergen, [[Arna]], [[Fana]], [[Laksevåg]] og [[Åsane]] vart slegne saman til storkommunen Bergen. Samstundes vart Bergen, som fram til då var eit eige fylke, innlemma i Hordaland fylkeskommune.
[[Fil:Bergen vom Fløen.jpg|mini|venstre|Bergen sett frå Fløien.]]
Bergen kommune i dag ligg på Bergenshalvøya saman med [[Os kommune i Hordaland|Os kommune]]. Bergenshalvøya er knytt til resten av fastlandet via kommunane [[Vaksdal kommune|Vaksdal]] og [[Samnanger kommune|Samnanger]]. Via fjordar har Bergen også grenser til fleire andre kommunar i Hordaland fylke: [[Austevoll kommune|Austevoll]], [[Sund kommune|Sund]], [[Fjell kommune|Fjell]], [[Askøy kommune|Askøy]], [[Meland kommune|Meland]] og [[Osterøy kommune|Osterøy]].
Kommunen er med {{nts|{{Folkemengd norske kommunar|1201}}}} innbyggjarar den nest mest folkerike i Noreg. Handel, skipsfart, verkstadsindustri og offentleg administrasjon har tradisjonelt vore dei viktigaste næringane i Bergen. I dei siste tiåra har petroleumsrelatert verksemd også vorte ei viktig næring.
Namnet Bergen kjem av norrønt Bergvin, og Bjǫrgvin, av berg eller bjǫrg, ''berg'', og vin, ''eng'', som betyr «den grønne enga mellom fjella».<br clear = "left">
__NOTOC__
== Geografi ==
Landskapet i Bergen er kupert, og det er berre mindre område med samanhengande lågland. Det høgste punktet i kommunen er [[Gullfjellet]] på 987 moh.
Dei eldste delane av byen finn ein i Vågsbunnen og mot Holmen, det vil seia det området som i dag heiter høvesvis [[Bryggen]] og [[Bergenshus bydel|Bergenhus]]. Dei sju fjella som omkransar Bergen by er rekna frå nord [[Sandviksfjellet]], [[Fløyfjellet]], [[Blåmanen]], [[Ulriken]], [[Løvstakken]], [[Damsgårdsfjellet]] og [[Lyderhorn]]. Høgast av desse er Ulriken på 642 moh.
== Kommunevåpenet ==
Kommunevåpenet vart godkjent 1924 og har ei sølv borg på gull fjellgrunn mot raud bakgrunn. Våpenet har røter attende til 1200-talet. Det var opphavleg eit dobbeltsegl; framsida viste eit langskip med drakehovud på stamnane, medan baksida viste ei borg med mur rundt på eit tredelt fjell. Det er motivet på baksida som er ført vidare i den moderne utgåva. På 1400-taet fekk kommunen eit nytt segl, basert på baksida av det eldste seglet, men med nokre forandringar. Fjellet under borga vart mellom anna danna om til sju kuler for sju fjell. Først i nyare tid vart den gamle borgtypen ført inn att, men den sjuldelte fjellgrunnen vart teken med vidare. Dei noverande fargane vart stadfesta i 1924.
Byflagget vart godkjent 1924 og har kommunevåpenet på ein kvit flaggduk. Flagget har ein raud kant rundt dei tre frie sidene på flagget.
<gallery>
Fil:Bergen1.jpg|Framsida på det gamle seglet.
Fil:Bergen2 seal.jpg|Baksida på det gamle seglet, med motivet som vart ført vidare.
Fil:Bergen_komm.svg|Dagens utgåve av kommunevåpenet.
</gallery>
== Kjelder ==
* {{Kjelde www |url= https://www.bergen.kommune.no/omkommunen/fakta-om-bergen/5987/article-62619| tittel= Historie |vitja=16. juni 2013 |forfattar= Ann-Kristin Loodtz|utgjevar = Bergen kommune|utgjeve = 26. juni 2012}}
{{snl|Bergen|Bergen|av = Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon}}
{{snl|Bergen/natur|Bergen - natur||av = Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon}}
{{snl|Bergen/næringsliv|Bergen - næringsliv||av = Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon}}
=== Fotnotar ===
{{fotnoteliste}}
== Bakgrunnsstoff ==
*[http://www.bergen.kommune.no Bergen kommune sine nettsider]
*[http://www.fib.no Festspillene i Bergen]
{{Hordaland fylke}}
[[Kategori:Bergen kommune]]
[[Kategori:Kommunar i Hordaland]]All content in the above text box is licensed under the Creative Commons Attribution-ShareAlike license Version 4 and was originally sourced from https://nn.wikipedia.org/w/index.php?oldid=2583197.
![]() ![]() This site is not affiliated with or endorsed in any way by the Wikimedia Foundation or any of its affiliates. In fact, we fucking despise them.
|