Revision 2745646 of "Lars Korff Lofthus" on nnwiki

'''Lars Korff Lofthus''' {{fødd_årstal|1978|Lofthus, Lars Korff}} er ein norsk biletkunstnar. Han er oppvaksen i [[Lofthus i Hardanger]], der han også bur.<ref> [http://visp.no/-/page/show/13331_maanedens-kunstner-november-lars-korff-lofthus?ref=mst Lars Korff Lofthus - månadens kunstnar i Visp, november 2011] </ref>

== Verksemd ==

Lars Korff Lofthus studerte kunsthistorie ved [[Universitetet i Bergen]] før han reiste til [[Karleby]] i [[Finland]] for å studera ved [[Nordiska konstskolan]]. Deretter heldt han fram utdanninga si ved [[Kunsthøgskolen i Bergen]], avdeling ''Akademiet'', med eit års utveksling til [[Det Kongelige Danske Kunstakademi]] i [[København]].<ref> [http://larskorfflofthus.no/about_english.html CV på nettsida til Lars Korff Lofthus] </ref> I tillegg har han budd og arbeidd i Berlin i fleire periodar.<ref> [http://www.khib.no/norsk/aktuelt/2010/01/tidligere-student-lars-korff-lofthus-paa-galleri-langegaarden/ Kunsthøgskolen i Bergen: Tidligere student Lars Korff Lofthus på Galleri Langegården] </ref> <ref> E-mail frå Lars Korff Lofthus, 19.09.12. </ref>

Hovudsakleg jobbar Korff Lofthus med måleri, men produserer også skulpturar, tekst og installasjonar. Dei siste åra har Lars Korff Lofthus hatt utstillingar både i innland og utland, m.a. på [[Galleri Langegården]] i [[Bergen]],<ref> [http://www.langegaarden.no/lofthus.php Galleri Langegården om utstillinga til Korff Lofthus] </ref> på [[Hardanger Folkemuseum]] og på ''PolArt'' i [[Tromsø]]. Til den sistnemnde utstillinga laga han skulpturen ''Store Norske'' som lånte element frå våpen og musikkinstrument.<ref> E-mail frå Lars Korff Lofthus, 19.09.12. </ref><ref> [http://www.tromsokunstforening.no/default.asp?cmd=150&UtsID=88 Tromsø Kunstforening om PolArt] </ref> 

I samarbeid med kunstnaren [[Leander Djønne]] laga han monumentet ''Makter og menneske'' som står i [[Odda]]. Monumentet vart avduka under [[Litteratursymposiet i Odda]] i 2010, og er meint som ein hyllest til dei tidlegaste industriarbeidarane i Odda. Forma på skulpturen kan minna om ein magnet, men liknar samtidig på [[Triumfbogen]]. Namnet ''Makter og menneske'' er henta frå bøkene til lokalhistorikaren [[Halldor O. Opedal]].<ref> [http://www.larskorfflofthus.com/magnet.html Lars Korff Lofthus om Makter og menneske] </ref>

I 2012 vart Lars Korff Lofthus tildelt statens kunstnarstipend.<ref> [http://www.radiofolgefonn.no/default.aspx?cmd=news&newsId=lD9xtxM6Qbc%3D Radio Folgefonn: Statens kunstnarstipend til Lars Korff Lofthus] </ref>

== Kjelder ==

{{reflist}}

{{autoritetsdata}}
[[Kategori:Norske biletkunstnarar]]
[[Kategori:Folk frå Ullensvang]]