Revision 3096207 of "Spinning Jenny" on nnwiki

[[Fil:Spinning jenny.jpg|mini|Modell av den automatiske spinnemaskinen «Spinng Jenny» utstilt på historisk museum i [[Wuppertal]] i Tyskland.]]

'''Spinning Jenny''' var den første [[spinning|spinne]][[maskin]]en som kunne brukast [[industri]]elt. Han blei funnen opp i [[1764]] av [[vevar]]en [[James Hargreaves]] frå [[Lancashire]] nord i England. Spinning Jenny var ei av dei viktigaste oppfinningane i [[den industrielle revolusjonen]], og hjelpte den britiske tekstilindustrien til å veksa. Namnet kjem av ''Spinning Engine'', 'spinnemaskin', som på folkemunne etterkvart blei til «Spinning [[Jenny]]».

Spinnemaskinen fungerte ved at den som spann sveiva på hjulet. [[Bomull]]en var [[karding|karda]] ferdig og rulla opp på spolar. Deretter trekte maskinen ut og tvinna tråden. Han spant like mykje som 20-30 personar hadde kunna spinna på kvar sin [[rokk]].

==Eksterne lenkjer==
[https://snl.no/spinning_jenny]Spinning Jenny i Store norske 

== Kjelder ==
<div class="references-small">
* ''Denne artikkelen bygger på «[[:nb:Spinning Jenny|Spinning Jenny]]» frå {{Wikipedia-utgåve|nb}}, den 11. desember 2008.'' 
 </div>

[[Kategori:Spinning]]
[[Kategori:Den industrielle revolusjonen]]
[[Kategori:Tekstilmaskinar]]